Månedlige arkiver: september 2024

Nobelprisfeiring i Lillomarka søndag 29. september

Hordalaget og Hardinglaget i Oslo, begge lag i Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs ungdomslag (NU), i samarbeid med Oslo mållag og Den mangfaldige scenen, inviterer til feiring av Nobelprisen i litteratur til sambygdingen Jon Fosse i Lillomarka  søndag 29. september 2024.

Langs den blåmerka løypa mellom Solemskogen og Sinober er det laga ein “litteratur-sti” skilta med utdrag frå boka Hundemanuskripta av Jon Fosse.  Skilta er utforma som hundar etter teikningar av barn ved Møllergata skole med påtrykt tekst frå forteljinga “Du og du”: Fjordahunden Olav besøker skogahunden Bård og dei møter to byhundedamer av det finaste slag. Korleis det går, får du vita om du blir med på vandringa som startar ved Evensætermyra der blåmerka løype (mot Sinober) tar av frå skogsvegen og inn til Hordahytta. Hordahytta ligg vest for Holåsmosen. Strekninga er ca. 3,5 km.

Statssekretær Even A. Hagen frå Kulturdepartementet vil opne den litterære stien kl. 12.00.

Ved Hordahytta vil det bli eit kulturarrangement der ungdommar frå Den mangfaldige scenen og skodespelar Gjertrud Jynge vil framføre tekstar av Jon Fosse til musikalsk følgje av Andreas Ljones på hardingfele.

Arrangementet ved Hordahytta byrjar kl. 14.00. 

Husk gode sko og klede etter veret. Ta med sitteunderlag, mat og drikke til eige behov – det er ein heller lang tur som event. kan kortast litt ned ved å gå tilbake frå Hordahytta til Snippen stasjon og ta toget til byen.

Arrangementet er gratis og Hordalaget byr jamvel på saft, kaffe og vafler.

Til Solemskogen kjem ein med privat bil eller buss 56 frå Nydalen/Storo (avgang 05/35 frå Storo). Frå Solemskogen til Evensætermyra der litteratur-stien byrjar, er det omlag 1 km. å gå langs blåmerka sti, litt lengre på skogsvegen rundt Setertjern.

Arrangementet er støtta av Sparebankstiftinga DnB, Oslo kommune og Bygdelagssamskipnaden (BLS).